top of page

ARKIV

HEIS DEG OPP:
Sit med rak rygg når du kjem på det. Det skal ikkje mykje til før det blir ein vane, og du blir rett og fin resten av livet.
 
 
 

 

Slik:

Ikkje slik:

TIPS FOR SOMMAREN
Ta med barn, venner eller bikkjer og tren ​saman med dei. Løft på kvarandre. Det blir god stemning. Det finst ikkje ein muskel som ikkje kan trenast på plenen med ein ettåring.
 
Ikkje slik:
TANNPUSSTREKK: 
Kvar gong du pussar tennene skal du strekke ut brystmuskulaturen din. Då denne ofte er litt stramare enn ryggmusklane dine, kan litt god tøying i desse musklane gi deg ein betre holdning og mindre nakkeproblematikk.

Slik: 

KNEBØY I FARTA:



 

Gå med djupe knebøy kvar gong du kjem på det. Du kan gjere det både inne og ute. Er du ekstra motivert så bruk ei kurv til vekt.
Som Hiorth gjer her:
EIT PITTELITE UTFALL
Ta deg ein djup knebøy på neste tur. Du vil ikkje angra. Bare sjå kor glad ein blir:
 
KJØR MEG OPP HAUST: 
Haust i New York. 
Eller ein amerikaner på leikeplassen...
 
Kor mange klarer du? 
Beinhardt og effektiv.
 
HOPP PÅ LEKEPLASSEN
Når hoppa du sist?
Enn kor du er så ta deg nokre hopp. Friskt.

TÅHEV

Dette kan du gjere når som helst, men lag heller ein god vane. Kjør til dømes tåhev kvar du pussar tenner, vaskar hender eller syng nattasongar for ungane dine. Opp og ned, til det blir tungt. Resulatet er fine leggar og mindre kramper i føtene.

Trening for deg som ikkje trener.

Idrettspedagogen.no



bottom of page